
Publisert 23.03.2007
Hardanger barnevern er eit samarbeid mellom kommunane Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Jondal og Odda.
Dei fleste barn i Norge har det godt og får tilstrekkeleg omsorg.
Dette er barn som har vanlege problem som kan løysast på vanleg måte av foreldra eller i samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule.
Enkelte barn er i ein situasjon der dei ikkje får tilstrekkeleg omsorg i heimen. Hvis du kjenner barn som du uroar deg for og barn som kan vere utsett for omsorgsvikt, er det viktig å melde frå til det lokale barnevernet, slik at vi får moglegheit til å hjelpe desse barna.