Byggesak

I Odda kommune er det avdeling for samfunnsutvikling som handsamar søknader etter plan- og bygningslova. Vi gir og svar på spørsmål om lovverket og veileiing ved utfylling av søknadar. Du har krav på førehandskonferanse med ein sakshandsamar eller du kan be om et uformelt møte. 

 

Teknisk forvaltning har sakshandsamingsdagar tirsdagar og torsdagar. Det er på desse dagane ikkje mogleg å ta kontakt med sakshandsamarar direkte på kontoret eller på telefon. Måndagar, onsdagar og fredagar er avdelinga open for kommunen sine innbyggarar.


 

Endring vedr. ansvarsrettar i Byggesaksforskrifta (SAK10) frå 1.1.2016

For søknadar som krev ansvarlege føretak skal føretaka ikkje lenger søke kommunen om ansvarsrett, men sende inn ei erklæring om ansvarsrett.

 

Kvalifikasjonskrava er dei same som tidlegare. Dersom eit føretak ikkje tilfredssteller kvalifikasjonskrava må det difor søke kommunen om fritak frå desse. Sjå veileiding til SAK10 kapittel 9 - Foretak og tiltaksklasser og kapittel 11 - Krav til utdanning og praksis.

 

Kommunen skal føre tilsyn med at kvalifikasjonskravene for erklæringen er oppfylt. Dette skal vere eit prioritert tilsynsområde for 2016-2018.

 

DiBK: Lokal godkjenning opphører
DiBK: Huskeliste når du erklærer ansvar
DiBK: Nytt skjema
 

 

 

Tiltak som er unntatt søknadsplikt

 

I utgangspunktet er alle tiltak etter § 20-1 i Plan og bygningsloven søknadspliktige. Nokre mindre tiltak er unntatt søknadsplikt etter § 20-5. Oversikt over tiltaka dette gjeld: Kap. 4 i Byggesaksforskriften

 

Reglane for kva du kan byggje utan søknad er endra frå 1. juli 2015. Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga ein veileiar ein kan ta for å finne ut om prosjektet er søknadspliktig - Bygg uten å søke

 
 

Informasjon om ulike typer tiltak

DIBK har og lagt ut mellom anna informasjon om nabovarsel når tiltaket ikkje er søknadspliktig, og informasjonsark fra NKF som skildrar dei ulike tiltaka som no er unntatt søknadsplikt.
 

Reguleringsplanar

For å finne ut om tiltaket er søknadspliktig må du mellom anna sjekke om det er i tråd med reguleringsplanen som gjelder for området. På www.kommunekart.com er dei fleste plankarta lagt inn digitalt. Ta kontakt med Teknisk forvaltning for å få tilsendt føresegnene til planen. (Det arbeidast med å leggje ut desse også på nett, men dette er ikkje heilt på plass endå.)

 

Meld frå etter bygging

Dersom du har satt opp eit tilbygg eller ein frittståande bygning som ikkje er søknadspliktig skal du likevel melde frå til kommunen, slik at kartgrunnlaget kan oppdaterast. Bruk då denne blanketten og legg ved situasjonskart med bygningen inntegna.

 

 

Tiltak du sjølv kan stå ansvarleg for

 

For mindre tiltak på bebygd eigedom kan tiltakshavar sjølv stå ansvarleg for arbeidet, §20-4 i plan og bygningslova. Oversikt over tiltaka dette gjeld: Kap 3 i byggesaksforskriften

 

Søknadsblankettar

Hos DIBK finn du utskriftsvenlege blankettar. For mindre tiltak er det blankettar for nabovarsel og blankett nr. 5153 Søknad om tiltak uten ansvarsrett som er aktuelle.

 

Du kan også bruke BYGGSØK-bygning, ei gratis teneste frå Direktoratet for byggkvalitet. Du vert då veileida gjennom prosessen med å utforma søknaden. Odda kommune tar ikkje imot desse søknadene digitalt, så blanketten må sendast som pdf på e-post, eller skrivast ut og sendast per post.

 

Nabovarsel

Informasjon om nabovarsel og kva dette skal innehelde finn du hos DIBK. Treng du liste over naboar som skal varslast ta kontakt med Teknisk forvaltning.

 

Teikningar

Til søknad og nabovarsel må du leggje ved fagmessig utførte, målsatte teikningar i målestokk. Dersom det gjeld tiltak på eksisterande bygning må du også leggje ved teikning (evt. foto) av noverande situasjon. Du må også leggje ved situasjonskart med bygningen innteikna. Situasjonskart kan du skrive ut fra kommunens kartløsning.

 

Betalingsregulativ (PDF, 216 kB) finn du her.

 

 

Tiltak som krever ansvarlege føretak

 

Dersom tiltaket ditt ikkje fell inn under § 20-4 eller § 20-5 som skildra over må du kontakte eit ansvarleg føretak for å hjelpe deg med både søknad, prosjektering og utføring av tiltaket.

 

For bygging av eigen bustad eller fritidsbustad er det mogeleg å få godkjent personleg ansvarsrett som sjølvbyggjar. Ein må då sannsynleggjere at arbeidet vil verte utført i samsvar med lover, forskrifter og vedtekter.

 

 

Krav til tiltaket

 

Alt som vert bygd - uavhengig av om det er søknadspliktig eller ikkje - skal stette krava i Plan- og bygningslova og i Byggteknisk forskrift (TEK10).

 

DIBK har ei oversikt over kva byggjeregler som gjeld. Her finn du mellom anna Byggteknisk forskrift med veiledning.
 

Sist endret 17.06.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Tilbake
kontaktperson
Telefon :
53 65 46 78
E-post :
malin.jordal@odda.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne
Artikkel (1)
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no