Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnet si totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje innbyggjarane si helse. Folkehelsearbeid skal svekka risikofaktorar for dårleg helse og styrka faktorar som bidreg til betre helse.

 

Fine omgivelser bidreg til god helseFine omgivelser bidreg til god helse Torhild Solheim

Målsetninga for folkehelsearbeidet i Odda kommune står i Samfunnsplanen 2007-2019:
Folkehelsearbeidet skal bidra til at Odda blir ein trygg og trivelig plass å bu.

I Odda kommune har vi Folkehelsekoordinator og avdeling for Miljørettet helsevern som jobbar med folkehelsearbeid.

Folkehelserarbeid  i kommunen er tverrsektorielt og vert utført på fleire arenaer. Gjennom kommunen sine ordinære verksemder, for eksempel skule, barnehage, kultur og samferdsel vert grunnlaget for helse og trivsel lagt. Kommunen har ansvar for å førebyggje smittsame sjukdommar, leggje til rette for trygge og helsefremjande miljø og stimulera innbyggjarane til ein sunn livstil. Viktige samarbeidspartar utanom kommuneorganisasjonen er frivillige organisasjonar, næringsliv og statlege organ.

 

Frisklivssentralen er eit lavterskeltilbod til deg som ønskjer å endra livsstil til bl.a. fysisk aktivitet, tobakk og kosthald . Vi har ope mandag og torsdag frå kl. 9-15, og tilbyr individuell veiledning, treningsgrupper i tillegg til temakurs saman med lærings- og meistringssenteret i helse fonna.Vi holder til i 1. etasje på Odda sjukeheim. Kursprogram og meir informasjon finn du her.


 


Lurer du på noko?

Miljøretta helsevern kan mellom anna gje svar på spørsmål om innemiljø, smittevern, skadedyr, støy, strålevern og drikkevatn.

 

Sist endret 22.01.2014
Tilbake
kontaktperson
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda NORGE
Telefon :
53 65 40 00
E-post :
epost@odda.kommune.no
Bunnhjørne