Vegar og parkering

Samferdsleavdelinga har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av kommunale vegar og parkeringsplassar, herunder også skilting og trafikksikring. Avdelinga har også eit generelt ansvar for uteareala i bustadområda, sentrumsområda og industriområda.


Flom- og rassikring ligg også til denne avdelinga.



Freimsmjøstølen

Graving og avkøyrsle

Retningsliner og søknadsskjema for søknad om graving i, eller avkøyrsle fra kommunal veg, kan ein  får ved samferdsleavdelinga på Bygg/eigedom, eller ved å velja elektronisk skjema her.  Utskriftsvennlig skjema får en her. Graving eller avkøyrsle frå riksveg eller fylkeskommunal veg må søkjast om til Statens vegvesen.


Brøyting/strøing

Samferdsleavdelinga har ansvar for brøyting og strøing av alle kommunale vegar.  Nokre av vegane vert brøytt av entreprenørar etter eigne brøyteavtalar.   


Asfaltering/vegvelikehald

Det vert årleg gjennomført program for asfaltering.  Grusvegar vert vedlikeholdt etter behov. 


Overvatn, gatelys

Samferdsleavdelinga har ansvar for overvatn på kommunale vegar og plassar, herunder etablert ledningssystem for dette.  Avdelinga har også ansvar for gatelys på kommunale vegar og plassar. 


Det er inngått eigen avtale med Odda Energi om vedlikehald og utbygging av gatelys.


Trafikk, skilt, parkering

Samferdsleavdelinga har ansvar for parkering, fartsgrenser, trafikksikring og skilting langs kommunale vegar og i kommunale områder.  Langs riksveg og fylkesveg har Statens vegvesen tilsvarande ansvar.


Odda kommune har gratis parkering på alle offentlege parkeringsplassar i Odda sentrum.


Parkeringsplassane i Seljestadområdet vert drifta av idrettslaga, som nyttar seg av ei mindre avgiftsordning.  Ordninga dekkjer utgifter for vedlikehald av parkeringsplassane, som idrettslaga har gjennom sesongen.


Skred- og flaumsikring

Samferdsleavdelinga har ansvar for tilsyn med elvane i kommunen, og særskild der det er gjort flaumsikringstiltak med midlar frå NVE.  Avdelinga har også ansvar for tilsyn med dei ulike skredsikringstiltaka som er gjennomført av Odda kommune.






 
Sist endret 21.02.2012
kontaktperson
Telefon :
53 65 44 05
Mobil :
975 58 551
E-post :
eirik.lia@odda.kommune.no
Tittel :
Avd.ing. samferdsel/park
Bunnhjørne
Åpningstider/kontaktinfo (1)
Praktisk informasjon (1)
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no