Bustadtilskott til utbetring/tilpassing

Beskrivelse

Har du behov for ein spesialtilpassa bustad, kan du søkje kommunen om bustadtilskott for å dekkje meirkostnadene anten heilt eller delvis. Tilskottet kan gjevast til mindre utbetringar av den bustaden du har eller dersom du skal byggje eller kjøpe bustad. Har du fått støtte frå Rikstrygdeverket til å kjøpe bil, kan du òg få støtte til garasje. Det er òg mogleg å søkje Husbanken om tilskott til prosjektering og utgreiing på førehand.

Oppdatert

17.10.2011 14:16

Kriterier

Det blir gjort ei vurdering av både dei særskilde behova du har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.

Målgruppe

Målgruppe er mellomn anna

  • funksjonshemma 
  • sosialt vanskelegstilte

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klage

Klagenemnda i kommunen er klageinstans. Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.

Vedlegg

  • Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
  • Kopi av likningsutskrift frå førre året
  • Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller midlar som kan frigjerast ved sal av bustad eller anna)
  • Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon på den særlig vanskelige situasjonen i husstanden

Veiledning

Søknaden skal skrivast på blankett HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja under.

Referanser

Sist endret 23.01.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no