Fri rettshjelp

Beskrivelse

Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp, kan du søkje om fri rettshjelp. Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokathjelp og fri sakførsel i retten.

Prioriterte sakstypar er

  • familiesaker
  • erstatning for personskade
  • oppseiing/utkasting av bustad 
  • oppseiing/avskjed i arbeidsforhold
  • trygd
  • pensjon

Oppdatert

02.12.2011 12:28

Kriterier

  • Du har bruttoinntekt eller næringsinntekt som ikkje er større enn 246 000 kroner for einslege, 369 000 kroner for ektefellar. Formuesgrensa er 100 000 kroner
  • Du har ikkje teikna rettshjelpsforsikring som heilt eller delvis dekkjer utgiftene til juridisk bistand med mindre særlege forhold gjer det rimeleg

I enkelte tilfelle kan Fylkesmannen gjere unntak for inntektsgrensa. Uavhengig av inntekt og formue kan det blir gjeve fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker om kvinnemishandling
  • når eit valdsoffer går til erstatningssøksmål mot gjerningsmannen

Advokaten som du ønskjer å nytte, må normalt halde til i nærleiken av der du bur eller har tilhald.

Målgruppe

Personar som ikkje har økonomi til å betale for juridisk rådgjeving eller sakførsel.

Pris

Personar med bruttoinntekt under 100 000 kroner pr. år betalar ikkje eigendel.

Behandling

Hovudregelen er at Fylkesmannen avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkemannen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Justisdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.

Veiledning

For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Fylkesmannen saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no