Grunnlån

Beskrivelse

Alle kan søkje Husbanken om grunnlån til oppføring av ny bustad. Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og miljø. Det vil seie at huset du ønskjer å byggje, mellom anna

  • må vere lagt til rette for livsløpsstandard
  • ha redusert energibehov
  • bestå av miljøvennlege materialar

I somme distrikt kan ein i nokre tilfelle vike frå kvalitetskrava.

Oppdatert

17.10.2011 12:48

Kriterier

Husbanken reknar med at du har økonomisk evne til å betene lånet og at du kan dokumentere det. Husbankfinansiering skal vere retta inn mot rimelege kvalitetsbustader og gjeld ikkje dei dyraste bustadene.

Målgruppe

Alle, uanhengig av inntekt og situasjon elles

Pris

Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.

Behandling

I vurderinga vil det bli lagt vekt på lokale kostnads- og marknadsforhold, kvalitet og brukargruppe. Husbanken tilbyr samarbeid tidleg i prosjekteringsfasen for å avklare kvalitet og pris.

Klage

Det er høve til å klage på Husbanken sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskott. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast. Før opp kva du klager over og kva for endring du ønskjer. Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, sendast han til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnd for husbanksaker.

Mottaker

Søknaden sender du til regionkontoret i Husbanken .

Vedlegg

  • Målsette teikningar
  • Situasjonsplan
  • Byggjekontrakt/tilbodsmateriale
  • Utrekning av oppvarmingsbehovet for bustaden
  • Annan nødvendig dokumentasjon

Veiledning

Ta kontakt med regionkontoret i Husbankens så tidleg som mogleg og gjerne før du sender søknaden. Bruk søknadsskjemaet (sjå lenkja under) og fyll det ut i to eksemplar.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no