Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Kommunalt lån (sosiallån)

Beskrivelse

Sosialtenesta kan gi lån som ei form for økonomisk stønad.

Oppdatert

20.12.2011 11:10

Kriterier

Grunnvilkåret for å få kommunalt lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Lån kan gjevast til den som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt sjølv eller som treng lån for å tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

Målgruppe

Dei som mellombels er ute av stand til å betale for livsopphald, for eksempel mat, klede, husleige, straum osv., eller som treng økonomisk hjelp i ein vanskeleg situasjon.

Behandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Veiledning

Ta kontakt med Nav for å få hjelp til å søkje om lånet.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no