Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Kvalifiseringsprogram

Beskrivelse

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gjev deg rett til trygd. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal innehalde arbeidsretta tiltak, men kan òg innehalde andre tiltak. det kan setjast av tid til medisinsk behandling, opptrening og eigenaktivitet i programtida. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Mens du deltek i programmet, får du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.

Brosjyrer

Informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du på lenka under. Du kan òg vende deg til Nav-kontoret.

Oppdatert

21.12.2011 14:02

Kriterier

Du er i yrkesaktiv alder, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært avgerensa ytingar til livsopphald etter folketrygdlova og arbeidsmarkedslova.

Målgruppe

Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å komme ut i arbeid

Behandling

Nav-kontoret skal sikre at saka di er så godt opplyst som mogleg før saka blir avgjort. Ein skal vurdere konkret og individuelt kva for opplysningar som er nødvendige for å behandle saka og korleis desse skal dokumenterast. Opplysningane skal så langt som råd innhentast i samarbeid med deg. Søknaden skal vurderast individuelt, og både godkjenning og avslag skal vere grunngjeve i eit vedtak. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at du har levert søknaden. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.

Behandlingstid

Nav skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Nav-kontoret skal hjelpe dei som treng hjelp til å få utforma klage. Dersom Nav lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no