Miljøplager eller -risiko (melding om)

Beskrivelse

Har du helseplager eller blir utsett for helserisiko som knytter seg til forhold i omgivnadene, kan du melde frå om dette til kommunen. Kommunen kan undersøkje saka og eventuelt gje pålegg om konsekvensutgreiingar, retting, tvangsmulkt eller stansing.
 

Plager kan til dømes knytte seg til

  • Inneklima i offentleg bygg 
  • Støy 
  • Luftforureining eller lukt 
  • Skadedyr 
  • Risiko for ulykker 
  • Røyking
     

Styresmakter og publikum veit i dag mykje om kor viktig miljøet er for helsa, og om kva som kan føre til sjukdom og plager. Kommunen har eit ansvar for å drive førebyggjande arbeid og føre tilsyn med ulike miljøfaktorar og verksemder, slik som institusjonar, fabrikkar, serveringsstader og husdyrhald.

Oppdatert

20.12.2011 14:11

Kriterier

Det er ikkje nødvendig at det allereie har oppstått helseskadar eller ulemper før du melder frå til kommunen. Det kan vere aktuelt å setje i verk tiltak før nokon har blitt sjuke.

Målgruppe

Innbyggjarar i kommunen

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å vurdere om det er heimel for å påleggje ei verksemd eller ein eigedom å gjennomføre tiltak for å fjerne/minske negativ helsepåverknad. Kommunen kan bruke verkemiddel som vedtak om gransking, retting, stansing og eventuelt tvangsmulkt. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit rimeleg forhold mellom nytte og kostnad ved eit tiltak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

 

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Avgjer kommunen at han ikkje vil gjere noko med saka, blir det òg rekna som eit vedtak som du kan klage på. Har du ikkje fått informasjon om at kommunen ikkje vil gjere noko, gjeld ikkje klagefristen. Du må likevel klage innan rimeleg tid etter at kommunen har avslutta saka. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no