Reguleringsplan - offentleg

Beskrivelse

Ein reguleringsplan (detaljplan) blir laga for å vise utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, utbygde område og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatte eitt eller fleire føremål, t.d. byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde osb. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir laga, og kan klage på kommunen sitt vedtak av planen. Kommunen skal difor
  • offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan, og om korleis medverknaden ev. skal vere
  • leggje planen ut til offentleg ettersyn
  • i begge tilfella informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg
Ved regulering og omregulering av område som er utbygde frå før, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.

Brosjyrer

Dokumentasjon med plankart og ev. fastsetjing for formålet, omtale, teikningar m.m. følgjer saka ved offentleg ettersyn.

Oppdatert

26.11.2008 12:22

Kriterier

Reguleringsplanar blir utarbeidde mellom anna for område i kommunen
  • når kommunen har vedtatt det i arealdelen i kommuneplanen
  • når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i kommunen
  • dersom det skjer endringar i bygningsmassen pga. øydeleggingar (t.d. brann)
For større byggje- og anleggsarbeid er det ei plikt å utarbeide reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin eigen arealplan er retningsgivande for planane.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Behandling

Kommunen har ansvar for å utarbeide utkast til reguleringsplanar. Planane blir utarbeidde av fagkunnige og i samråd med samarbeidspartar og involverte. Kommunen avgjer når saka skal ut til offentleg ettersyn (i minst to aviser). Grunneigarar og rettshavarar skal informerast skriftleg dersom det er mogleg. Fråsegner og innvendingar følgjer saka til endeleg behandling i kommunestyret, som gjer vedtak. Kommunestyret skal gjere vedtaket seinast tolv veker etter at planforslaget er ferdigbehandla. Vedtaket blir kunngjort offentleg med informasjon om klagehøve og opplysning om korleis eventuelle erstatningskrav skal fremjast.

Behandlingstid

Tida avheng av kor kompleks saka er.

Klage

  • Kommunen sitt endelege vedtak kan påklagast. Både partar og andre med rettsleg klageinteresse kan påklage saka. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen. Kommunestyret kan endre vedtaket eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
Kommunen vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klagar, osb.

Veiledning

Fleire opplysningar i tillegg til kunngjering i media kan du få ved å vende deg til kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknader eller klagar.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no