Reguleringsplan - privat

Beskrivelse

Når grunneigarar, rettshavarar eller andre interesserte ønskjer å fremje ein privat reguleringsplan, skal kommunen 
  • vurdere om arbeidet med forslag til reguleringsplan skal setjast i gang
  • hjelpe til med å utarbeide planen
  • behandle planen
Forslaga kan gjelde regulering og reguleringsføresegner for ulike formål i uregulert område i kommunen, eller omregulering av formål.

Brosjyrer

Kart og data/geodata kan du tinge frå kommunen.

Oppdatert

26.11.2008 13:27

Kriterier

Før planlegginga setjast i gang, bør forslagstillaren (-ane) leggje fram reguleringsspørsmålet for kommunen. Kommunen kan gje råd om planen bør utarbeidast, og kan hjelpe til i planarbeidet. Arbeidet forutset fagleg ekspertise, medverknad / høve til merknader frå involverte, og kunngjering etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Behandling

Kommunen skal behandle saka på politisk nivå. Forslagsstillaren er ansvarleg for kunngjering om oppstart av planarbeidet etter plan- og bygningslova. Når planen har vore til offentleg ettersyn, blir han behandla politisk, deretter går han vidare til kommunestyret, som gjer vedtak i saka (forutsett at saka blir fremja for kommunestyret). Kommunen sitt vedtak skal kunngjerast. Dersom ein ikkje finn grunn til å fremje reguleringsforslaget for kommunestyret, blir forslagsstillaren underretta skriftleg. Dersom avslaget gjeld ein plan for eit uregulert område eller ei vesentleg endring av gjeldande reguleringsplan, kan forslagsstillaren krevje at saka blir lagt fram for kommunestyret.

Behandlingstid

Så kort som mogleg, men innan tolv veker. Forslagsstillaren og kommunen kan bli samde om ein annan frist dersom forslaget er omfattande.

Søknadsfrist

Sakene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

  • Det endelege vedtaket i kommunen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast kommunen, som kan revurdere saka eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
Kommunen vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klagar osb.

Vedlegg

Dokumentasjon kan vere
  • plankart og ev. føresetnader for formålet
  • omtale
  • teikningar
  • utgreiingar etter kommunale føresegner
  • konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova når det er relevant for saka
Du vil få opplysningar om kva som skal vere med av dokumentasjon. Dokumentasjonen skal følgje planen ved offentleg ettersyn og ved framlegginga i kommunestyret.

Veiledning

Kommunen vil kunne gje råd om arbeidet skal setjast i gang, korleis det skal skje, og kan hjelpe til i planlegginga.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no