Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Sosialtenester for innsette i fengsel

Beskrivelse

Innsette i fengsel kan søkje sosialtenesta i den kommunen dei haldt til i før innsetting, om  økonomisk sosialhjelp og andre tenester. Det blir forutsett at ein først undersøkjer om fengselsvesenet kan dekkje det behovet ein har. Pårørande kan få dekt reiseutgifter til fengselsbesøk dersom dei ikkje har pengar til å dekkje det sjølve. Når den innsette er sett fri, kan han/ho søkje tenester i den kommunen han/ho vel å bu i. Tenesta kan omfatte økonomisk rådgjeving og stønad til utgifter som

  • klede
  • briller og andre hjelpemiddel 
  • tannhelseteneste
  • kost og losji under permisjonar

Ved løslating kan sosialtenesta tilby

  • klede og sko
  • midlertidig husvære
  • hjelp til meir permanent etablering

Oppdatert

09.12.2011 11:32

Kriterier

Tenestene blir tildelte etter ein individuell vurdering.

Behandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og hva tenesta eventuelt omfattar.

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. 

Veiledning

Du kan vende deg til den kommunen du budde i før arrestasjonen. Dersom du ikkje hadde opphald i Noreg da du blei arrestert, kan du vende deg til arrestasjonskommunen. 

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no