Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Økonomisk rådgjeving

Beskrivelse

Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gi deg økonomisk rådgjeving. Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Men du kan få hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, forhandle med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).

Oppdatert

01.12.2011 12:44

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.

Veiledning

Til det første møtet bør du ha med deg dette:

  • Siste likningsattest
  • Saldo på alle kontiane
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysningar om lån, kredittgjeld, osb.
  • Kvittering for betalt husleige og straum
  • Utgifter i til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysningar om innskot i spareordningar

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no