Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Økonomisk sosialhjelp

Beskrivelse

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for livsopphaldet ditt sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder. Med livsopphald meines naudsynlege gode som mat, husleige, straum og nødvendige klede. Bidrag vil vere den vanlegaste forma for hjelp. Men du kan òg få hjelp som lån eller garanti for lån. Dette vil først og fremst vere aktuelt dersom ein trur at du vil vere i stand til å tilbakebetale lånet.
 

Oppdatert

28.04.2011 13:04

Kriterier

Vi vil vurdere dei faktiske behova du har.  Det kan bli stilt vilkår for hjelpa. Du kan bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:

  • Om du har søkt om bustøtte
  • Om du har brukt rettane dine til eventuelle trygdeordningar
  • Om du har kontakt med Nav og tek i mot tilbod om arbeid eller kurs

Behandling

Nav-kontoret skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Nav før klagefristen for vedtaket ender.

Behandlingstid

Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar. 

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no