Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Tilskotsordningar i jordbruket våren 2018

Informasjon om tilskotsordningar i jordbruket våren 2018 i Odda kommune

 

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket – søknadsfrist 15. mars.

  • I 2018 er fristen for å registrera del 1 av søknaden om produksjonstilskot sett til den 15. mars. Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars, og teljedato er 1. mars. Dette betyr at det er dyretalet den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av tilskotet til husdyr og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga «Avløysing ved ferie og fritid» for 2018.

 

 Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) – søknadsfrist 1. mai. 

  • Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må det vera eit føretak som står som søkjar. På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

For meir informasjon - last ned informasjonsskriv ved å trykke på denne lenka. (PDF, 314 kB)

 

 

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 21.02.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no