Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Pressemelding - Sak om flaumsikring i Odda

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde

 
Pressemelding frå ordføraren vedkommande sak om varig flaumsikring i Odda;


Det har kome attendemeldingar om debattklimaet i saka om flaumsikring. Det er stort engasjement og aksjonering. Det er bra. Likevel vert det rapportert om netthets og munnleg sjikane. Privatpersonar og politikarar har opplevd ubehagelege meldingar som går på person og ikkje sak. Enkelte har også meldt frå om at familiemedlemmer har opplevd negative meldingar. Privatpersonar melder frå om at dei vegrar seg for å delta i ordskiftet for å unngå reaksjonar og ubehag. Det er viktig at privatpersonar og andre kan oppleva eitt ryddig debattklima der ein kan sei det ein meiner utan å verta utsett for ubehag. 
 

Frå kommunen si side vil vi difor oppmoda til sakleg debatt utan personangrep. Vi veit det er ei krevande sak, men det er viktig at vi tek vare på kvarandre i Oddasamfunnet også i denne saka. 
 
 
Roald Aga Haug
Ordførar
 
Publisert av Ole-Jørgen Jondahl. Sist endret 30.04.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no