Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Pressemelding

NVE rår Olje- og energidepartementet til å ikkje gje Sunnhordland Kraftlag løyve til Opo kraftverk med flaumtunell i Odda i Hordaland.

NVE meiner at bygging av flaumkraftverket vil få vesentlege negative konsekvensar for landskapsopplevinga av Opo i Odda, som gjev ringverknader for blant anna rekreasjon og fiske. Ei utbygging vil vere negativ for fisk i Opo, særleg moglegheita for å reetablere storlaksbestanden. Utbygginga vil gje ei vesentleg kraftproduksjon og auka flaumsikring for eit avgrensa antall bygningar ved Sandvin. NVE har allereie sikra Opo gjennom Odda til same nivå som NVEs øvrige sikringstiltak. For Odda by vil utbygginga gje auka flaumsikring berre ved svært sjeldne flaumar. Etter NVE si meining vil ikkje fordelane vege opp for dei forventa negative effektane.
 
Tilrådinga går no på høyring etter alminnelege reglar.

Odda kommune tek tilrådinga til etteretning.

Vi vil setta oss inn i tilrådinga i høve konsesjonssøknaden og flaumlukealternativet. Samt gje våre tilbakemeldingar i høyring.

Kommunen er oppteken av at staten tek tilstrekkeleg ansvar for flaumsikring av Opovassdraget. Vi er glad for at alternativa no har fått ei grundig vurdering etter vanleg standard.

Vi registrerer at NVE heller ikkje finn grunnlag for å prioritera flaumlukealternativet økonomisk, eller utgreiingsmessig.

Odda kommune har meint at ytterligare flaumsikring er nødvendig. Staten må ta ansvar for ei fullgod løysing. Vi vil gi bidrag i høringsprosessen. Spørsmålet er korleis Odda skal sikrast. Samt at staten må ta ansvar for finansiering.  
Publisert av Kristin Elisabet Horne Moe for Roald Aga Haug. Sist endret 15.08.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no