Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Jordmor på helsestasjonen

Gravid - Klikk for stort bilde

 


Den kommunale jordmortenesten har flytta frå Odda sjukehus til helsestasjonen i Odda, Smelteverket 61.
 

Er du gravid? Avtal fyrste svangerskapskonsultasjon tidleg. Du treng ikkje å kontakta lege eller jordmor for å bekrefta graviditeten. Heimetest er lika sikker som den legen og jordmor kan tilby.
 

Ta ein telefon for å avtala fyrste svangerskapskonsultasjon så tidleg som mogeleg. Du bør få timeavtale innan ei veke.
 

Du velger sjølv om du vil ta svangerskapskonsultasjonene hos jordmor eller lege. Legetenesten held til på Odda legesenter, Røldalsvegen 34 og på Røldal legekontor.
 

Alle gravide har rett svangerskapsomsorg. Tilbodet er gratis, og skal sørga for at du får råd og veiledning slik at du og barnet ditt har det best mogeleg.
 

Akuttberedskap og følgeteneste


Akuttberedskap og følgeteneste er framleis lokalisert på Odda sjukehus. Har du spørsmål utanom kontortid får du tak i jordmor på sjukehuset.
 

Viktige telefonnummer

  • Jordmor på helsestasjonen: 975 58 528 (måndag og tysdag)
     
  • For timebestilling: 975 58 436 (tysdag - torsdag)
     
  • Legesenteret i Odda: 53 65 45 00
     
  • Røldal legekontor: 53 65 48 50
     
  • Akuttberedskap, Odda sjukehus: 53 65 12 71

 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre for Inger Lise Haukaas. Sist endret 13.02.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no