Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Tidlegstemming 2019

val-logo.jpg - Klikk for stort bilde


Ordinær førehandsstemming startar 12. august, men allereie frå 1. juli kan ein stemme innanriks, såkalle tidlegstemming. Tidlegstemming gjeld til og med 10. august, det vil seie fram til start av ordinær førehandstemming.

 

Dei ordinere stemmesedlane er ikkje klare ved tidlegstemming, og stemmegjevar må nytta
stemmesedlar som berre inneheld namn på dei registrerte politiske partia i Norge.

På stemmeseddelen må stemmegjevar merke av for det partiet vedkomande ynskjer å stemma på.
Om ein ynskjer å stemma på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmeseddelen, skriv ein
namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmeseddelen.

Ein kan ikkje gjere endringar på stemmeseddelen når ein tidlegstemmer.

Ver merksam på at ikkje alle parti stiller til val i alle fylker.

Om du ikkje har høve til å stemma i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen, kan du tidlegstemma frå 1. juli på følgjande stader:

  • Biblioteket i Odda rådhus
  • Kommunehuset i Jondal
  • Heradshuset i Kinsarvik
     

Hugs å ta med legitimasjon ved stemming. Har du motteke valkort, er det fint om du tar det med og.

 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 05.07.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no