Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Varsel - Mykje regn og jordskredfare

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde


Varselet gjeld frå torsdag morgon 5. desember, og fram til fredag kveld 6. desember 2019. 


Nivå
Gult nivå – moderat fare
Oransje nivå – stor fare
Rødt nivå – ekstrem fare


Mykje regn
Gult nivå - Gjeld for Vindafjord, Ryfylke, Etne, Kvinnherad, Hardanger og Voss

 

Frå torsdag føremiddag til seint torsdag kveld er det venta lokalt 50 – 70 mm/12t.
 

Anbefaling
Vurder behov for førebyggjande tiltak. Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar. Sjekk vegmeldingar (175.no). Tilpass farten etter forholda.

 

Jordskredfare
Gult nivå -  Gjeld for delar av Vestlandet

Det ventes stadvis opp mot 50-70 mm nedbør torsdag føremiddag til fredag føremiddag, som regn under ca. 800-1000 moh. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting. Bratte skråningar, og bekkjer og elvelaup med stor vassføring er spesielt utsett for jordskred og flaumskred. Fare for sørpeskred gjeld særleg i områder med meir enn 40 cm snø. Snøen er stadvis vannmetta. Sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der vatn samlast opp. Skreda kanaliseres ofte ned forsenkningar og bekkelaup og kan utvikla seg til flaumskred. Varselet ligg i nedre del av gult nivå. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det vert løyst ut høgare i terrenget.
 

 

Les meir på NVE sine sider.

 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 04.12.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no