Antenner (mindre) for radio og TV

Beskrivelse

Dersom du skal setje opp ei antennemast eller parabolantenne, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Dette gjeld uavhengig av om antenna er frittståande eller er plassert på byggverk. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande avgjerder, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av antennesystemet. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

04.09.2008 11:13

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova 
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan 

Særskilde vilkår:

  • Antennemastene må ikkje vere høgre enn 2 meter
  • Parabolantennene må ikkje ha ein diameter på meir enn 1,2 meter
Du bør vurdere plasseringa nøye - spesielt på verneverdige bygningar - for å unngå skjemmande plassering og reaksjonar frå bygningsmyndigheitene seinare.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Skulle kommunen konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket, er dette eit vedtak som du kan klage på. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje å sende søknad/melding til kommunen dersom antenna og plasseringa er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 23.01.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no