Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt

Beskrivelse

Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen ved Miljøretta helsevern melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er. Meldeskjema fås ved henvendelse til Miljøretta helsevern

Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene.  Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.

Oppdatert

13.01.2012

Målgruppe

Eigarar av badeanlegg, inkludert bassengbad, badstu og boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta

Behandling

Dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan Miljøretta helsevern ved kommuneoverlegen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Miljøretta helsevern ved kommuneoverlegen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Miljøretta helsevern. Dersom kommuneoverlegen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Virksomhetsleder Marit Dagestad