Barselgrupper

Beskrivelse

Barselgrupper er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre. De kjem saman på helsestasjonen i lag med helsesyster. Mellom dei temaa ein kan ta opp i gruppene, er

  • amming
  • barnestell
  • kosthald
  • utviklinga til barnet
  • førebygging av ulukker
  • samliv

Oppdatert

19.12.2011 12:36

Målgruppe

Nye foreldre

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Veiledning

Når du har født, blir du kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no