Biloppstillingsplass

Beskrivelse

På eigen eigedom kan du opprette biloppstillingsplass til eige bruk, dersom ikkje noko anna kjem fram av vedtekter og planar i kommunen. Biloppstillingsplass kan også vere for landsbruksmaskinar på ein landsbrukseigedom. Du treng normalt ikkje å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Som regel vil eit slikt tiltak vere i strid med kommunale planar eller gjevne avkøyringsløyve frå veg dersom det må opprettast ei ny innkøyring.

Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

04.09.2008 11:28

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar, også eigarar av landsbrukseigedom

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Skulle kommunen konludere med at tiltaket er i strid med regelverket, er dette eit vedtak du kan klage på. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 23.01.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no