Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Bygdeutviklingsmidlar

Beskrivelse

Du kan søkje om bygdeutviklingsmidlar til 

  • etablerarstipend (oppstart av tilleggsnæring) 
  • bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring) 
  • investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring) 
  • generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar osb. i samband med generasjonsskifte) 
  • praktikantordningar

Bygdeutviklingsmidlar, som blir sett av i jordbruksavtalen, skal leggje til rette for verdiskaping i jordbruket, desentralisert busetjing og like vilkår for kvinner og menn.

Oppdatert

27.05.2011 07:36

Kriterier

Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.

Målgruppe

Landbruksføretak og føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Behandling

Kommunen tek imot søknaden, vurderer han og sender han vidare til distriktskontoret til Innovasjon Noreg, som avgjer søknaden.

Behandlingstid

Innan ein månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal søkjaren få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Prosjektplan/forretningsplan

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no