Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Eldreomsorg - verdigheitsgarantien

Beskrivelse

Dersom du tek imot tenester frå den kommunale eldreomsorga, skal du så langt det er mogleg få eit verdig tenestetilbod som er tilpassa dei individuelle behova dine. Du har sjølvråderett og skal møte respekt for den du er og for livsførselen din. Ein skal ta omsyn til

  • at du har ei boform som er riktig ut frå ditt behov og din tilstand
  • at du har eit variert kosthald og tilpassa hjelp ved måltid
  • at du har eit mest mogleg normalt liv, med ein normal døgnrytme og høve til å komme ut i friluft og få nødvendig hjelp til personlig hygiene
  • at du får tilbod om samtalar om eksistensielle spørsmål
  • at du får lindrande behandling og ein verdig død
  • at du held ved lag eller aukar høvet til å fungere i kvardagen
  • at du får forsvarleg oppfølging av lege og anna personell
  • at du får einerom dersom du bur på ein helseinstitusjon

Oppdatert

19.12.2011 12:53

Kriterier

Du tek imot omsorgstenester etter helse- og omsorgstenesteloven eller lov om sosiale tjenester i Nav. Det kan til dømes vere heimehjelp, heimesjukepleie eller sjukeheimsplass.
 

Målgruppe

Eldre

Klage

Du kan klage på at dei individuelle behova dine ikkje blir tekne vare på eller på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Etter pasientrettigheitslova kan du òg klage direkte til helsetilsynet i fylket.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no