Ergoterapi

Beskrivelse

Har du problem med å greie dine daglege gjeremål fordi du er sjuk, skada eller av andre årsaker, kan du få hjelp frå ein ergoterapeut. Ergoterapeuten

  • kartleggjer funksjonar og tilpassar aktivitetar/arbeidsvanar
  • formidlar og tilpassar tekniske hjelpemiddel
  • leggjer til rette fysiske omgivnader i heimen, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen

Tenesta inngår som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i private heim.

Oppdatert

21.12.2011 13:27

Kriterier

Kommunen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma eller personar som er sjuke eller skada
 

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no