Fasadeendring (mindre vesentleg)

Beskrivelse

Fasadeendringar blir rekna som mindre så lenge endringa ikkje medfører at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra. Dette er også tilfellet dersom bygningsfasaden blir tilbakeført slik han var tidlegare. Oppussing eller vedlikehald av fasadar er i alle tilfelle sett på som mindre endringar. Difor treng du normalt ikkje sende inn søknad til plan- og bygningsmyndigheita. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

04.09.2008 11:49

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan - og for eksempel krav om innhenting av fråsegner frå kulturminnemyndigheit i byggjesaker innanfor eit område som er regulert til vern
Særskilde vilkår:
  • Fasadeendringa må ikkje forringe heilskapsinntrykket av bygningen eller medføre at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra
  • Bygningen må ikkje ha spesielle kvalitetar ved fasaden som bør takast vare på, og der sjølv små inngrep kan verke øydeleggjande
Kva som blir vurdert som mindre fasadeendringar, avheng av karakteren på bygningen, hustype, alder og plassering. Det vil i nokre tilfelle kunne liggje føre særskild hjemmel for å nekte fasadeendring.

Målgruppe

Huseigarar og bygningseigarar

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Sidan vurderinga vil vere knytt opp til dette spesielle tilfellet, bør du i alle fall kontakte kommunen. Dette gjeld i særleg grad dersom eigedommen ligg i eit område som er regulert til vern. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 23.01.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no