Fastlege

Beskrivelse

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din.

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

Oppdatert

19.12.2011 12:56

Målgruppe

Alle som bur i Noreg.

Pris

Du betaler eigendel.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

Veiledning

Når du flytter til ein ny kommune, vil du få legevalskjema med tilbod om å velje fastlege i den nye kommunen. Dersom du ikkje aktivt vel ein ny lege i kommunen, beheld du den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, går du fram på ein av dei følgjande måtane:

  • Send inn det skjemaet du har motteke
  • Gå inn på lenkja under og ordne bytet sjølv på nettet
  • Har du ikkje høve til å bruke Internett, kan du ringje fastlegekontoret på telefon 810 59 500. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer. Fastlegekontoret fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg dersom legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 53 65 40 51
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no