Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Fellingsløyve

Beskrivelse

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr, villrein og bever blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Oppdatert

01.10.2009 11:48

Kriterier

Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr, villrein eller bever. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Pris

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr og bever. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Direktoratet for naturforvaltning fastset fellingsavgift for villrein.

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen  har gjort, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Veiledning

Ein skal ikkje søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no