Film og video - konsesjon for omsetning

Beskrivelse

Sal og utleige av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Konsesjon blir gitt for inntil fem år.

Det krevst ikkje kommunalt løyve for sal/utleige av film eller videogram i hotellrom eller sal/utleige av videogram som berre inneheld: 

  • opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar 
  • musikk- eller idrettsstoff 
  • dokumentar-, aktualitets- eller nyhendestoff 
  • forskings- eller hobbystoff 
  • opplysnings- eller undervisningsstoff til bruk i undervisninga ved skolar, universitet og høgskolar og ved vaksenopplæring i organisasjonar og institusjonar som er godkjende etter  vaksenopplæringslova 
  • informasjon om, og reklame for, varer og tenester

Oppdatert

13.11.2008 11:48

Kriterier

Personar som sel eller leiger ut video til kundar, skal ha fylt 18 år. Det kan ikkje omsetjast video til personar som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet. Videogramma må vere registrerte i eit videogramregister i Medietilsynet. Medietilsynet kan vurdere eit videogram før det blir registrert. Videogramma skal også vere merkte av distributøren.

Målgruppe

Personar som vil drive sal eller utleige av film eller video som næring.

Pris

Ein må betale ei omsetningsavgift per video til Norsk kino- og filmfond. Stortinget vedtek satsane.

Behandling

Kommunen gjer vedtak om konsesjonen.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.

Veiledning

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om konsesjon for omsetning av film og video.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no