Fysioterapi

Beskrivelse

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Oppdatert

21.12.2011 13:30

Kriterier

Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma eller personar som er sjuke eller skadde

Pris

Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut (men berre dersom fysioterapeuten har driftsavtale med kommunen). Pasienten betaler eigendel avhengig av diagnose såframt diagnosen ikkje gjev rett til fri behandling. Behandling og transport til behandling er gratis for born under 12 år.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

Veiledning

Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no