Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Gravplass

Beskrivelse

Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass på ein kyrkjegard eller gravlund i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.

Etter at fredingstida er omme, skal den som er ansvarleg for grava, få høve til å feste grava. Kistegraver kan festast saman til éin gravstad. I så fall er den grava som blir tatt i bruk først, fri grav i fredingsperioden. Ei anonym grav har ingen som er ansvarleg, og gravplasseringa er berre kjend for kyrkjegardsmyndigheitene. Fylkesmannen kan gi løyve til oskespreiing som eit alternativ til gravlegging på offentleg kyrkjegard. Dersom gravstaden vil ha ein spesiell offentleg interesse, kan Fylkesmannen gi løyve til privat gravplass for å setje ned oskeurna. 

Oppdatert

01.05.2010 16:00

Kriterier

Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no