Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Heimehjelp

Beskrivelse

Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering, handling eller personleg stell. Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

Oppdatert

19.12.2011 15:42

Kriterier

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Du har eit særleg behov for  hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. 
 

Pris

Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal tenesta vere gratis.

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no