Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Heimeundervisning

Beskrivelse

Foreldre til elevar i grunnskolen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar i skole. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Oppdatert

01.05.2010 16:15

Kriterier

Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.

Veiledning

Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no