Innhegning

Beskrivelse

Dersom du skal setje opp eit enkelt, ikkje tett gjerde for å skilje av tomta di, treng du normalt ikkje sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. (Tette gjerde, slik som skjermvegg eller støyskjerm, krev derimot at du får løyve frå kommunen.) Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje fører til urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

04.09.2008 12:52

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Innhegninga må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Innhegninga er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Innhegninga er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan, utbyggingsplan eller kommunale bygningsvedtekter
Særskilde vilkår:
  • Innhegning mot naboeigedom skjer stort sett etter semje mellom naboane
  • Innhegning mot veg kan vere maksimum 1,5 m høg
  • Innhegninga må framstå som ein enkel, lett konstruksjon som ikkje er tett
  • Innhegning for husdyrhald i tradisjonelt landbruk utanfor tettbygde strok eller innhegning mot jordbruks- eller skogbrukseigedom skal førast opp i den høgda som er nødvendig for formålet

Målgruppe

Tomteeigarar eller tomtefestarar

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikke påklagast av naboar og andre berørte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket fører til sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje sende inn melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane. Det blir difor tilrådd at du får påvist plasseringa for leidningar og kablar i grunnen før du set opp innhegninga.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no