Installasjonar (enkle)

Beskrivelse

Dersom du skal
  • rehabilitere generelt innvendig - utan at branncelleavgrensande bygningsdel blir brote
  • rehabilitere eksisterande våtrom
  • installere ny vask i eksisterande bustad som alt har sanitæropplegg
  • installere ny kjøkkenventilator
  • installere sentralstøvsugar som ikkje er til sjenanse når det gjeld støy, luft og liknande
  • installere kjølerom i bustad
  • reparere eller gjere enkle endringar i eksisterande installasjonar
  • installere vedomn når pipe og brannmur tidlegare er godkjende
  • installere, endre og reparere eldstad som er sikra kvalifisert kontroll osb.
treng du normalt ikkje sende melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må vere oppfylde. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Oppdatert

04.09.2008 13:15

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Installasjonen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Installasjonen er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Installasjonen er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan
Særskilde vilkår:
  • Tiltaket må gjerast i eksisterande bygning og innanfor samme brukseining (branncelle)
  • Installasjonen må ikkje medføre installering av nye leidningar eller nye kanalar frå ei anna brukseining eller branncelle

Målgruppe

Bustadeigarar

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikke påklagast av naboar og andre berørte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom tiltaket (installeringa) oppfyller alle vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at installasjonen ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no