Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Jegerprøven

Beskrivelse

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, må du ta ein teoretisk eksamen som blir halden av kommunen.

Oppdatert

01.10.2009 11:46

Kriterier

Jegerprøven kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje fra fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Målgruppe

Personar som er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Behandling

Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen  ut bevis for at jegerprøven er teken.

Klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.

Veiledning

Kommunen arrangerer skriftleg eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no