Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Kommunalt næringsfond

Beskrivelse

Små og mellomstore føretak kan søkje om føretaksstønad frå det kommunale næringsfondet. Frivillige organisasjonar kan søkje om stønad til prosjekt som er knytta til stadutvikling. Føretaksstønaden kan gå til føremål som mellom anna

  • etablerarstipend
  • produktutvikling
  • marknadsføring
  • investering i utstyr og maskinar

Stønaden er eit distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel. Tilskotet blir utbetalt på etterskot. Heile tilskotet kan ikkje bli utbetalt før prosjektet er avslutta og revisorattestert rekneskap er sendt inn.

Oppdatert

30.03.2011 06:50

Kriterier

Eit føretak kan få inntil 200 000 euro over ein treårsperiode (bagatellmessig stønad). Midla skal normalt ikkje nyttast til å styrkje eigenkapitalen i føretaket. Føretak i kommunar utanfor det distriktspolitiske verkeområdet (sjå lenkje i feltet Regelverk) kan ikkje søkje om midel til å investere i utstyr og maskinar.

Målgruppe

Frivillige organisasjonar (stadutvikling) og små og mellomstore føretak (føretaksstønad)

Små føretak har mindre enn 50 tilsette og anten

  • ein årleg omsetnad på mindre enn 10 mill. euro eller
  • ein balanse på mindre enn 10 mill. euro

Mellomstore føretak har mindre enn 250 tilsette og anten

  • ein omsetnad på mindre enn 50 mill. euro eller
  • ein balanse på mindre enn 43 mill. euro

Behandling

Når ein søknad er innvilga, skal eit tilskotsbrev stadfeste det. Brevet skal mellom anna innehalde

  • føremål og kva midla skal nyttast til
  • kostnadsoverslaget som er lagt til grunn for tilsegna
  • eventuelle vilkår knytta til bruken av midlane

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner ein kan gjere vedtaket.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda stå, blir saka sendt vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Veiledning

Føretaket eller organisasjonen sender ein skriftleg søknad. Han skal innehalde:

  • Presise og realistiske mål som kan etterprøvast
  • Prosjektplan med milepælar og aktivitets- og resultatmål
  • Kostnadsoverslag og finansieringsplan

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no