Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa

Beskrivelse

For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typer verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:
  • asylmottak       
  • hospits
  • campingplassar og liknande
  • undervisningslokale og andre forsamlingslokale
  • verksemder som slepper ut avløpsvatn
  • verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
  • badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
  • frisør- og hudpleieverksemder

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Oppdatert

20.12.2011 13:17

Behandling

Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg. 

Klage

Du kan klage på vedtakom pålegg innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Virksomhetsleder Marit Dagestad