Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Ordensreglement i den vidaregåande skolen

Beskrivelse

Fylkeskommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for vidaregåande skolar. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet. Reglar om bortvising må vere gjeve i ordensreglementet for å kunne nyttast som reaksjonsform. Ved særleg alvorlege tilfelle kan eleven bortvisast for resten av skoleåret eller miste retten til vidaregåande opplæring. Dei to sistnemnde sanksjonane kan brukast utan å vere tatt med i ordensreglementet.

Sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet kan elles ikkje nyttast. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må uansett ikkje nyttast.

Oppdatert

20.08.2010 12:53

Kriterier

Før det blir gjort eit vedtak om bortvising eller ei anna form for refsing, skal eleven ha høve til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtar bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven.

Vedtak om bortvising for resten av skoleåret eller vedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring blir gjort av fylkeskommunen. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte først.

Målgruppe

Elevar i vidaregåande skole og deira føresette

Klage

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, som vedtak om bortvising for éin dag eller meir og tap av rettar. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga sender du til den som har gjort vedtaket. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er mottatt. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.

Klageinstans er fylkestinget eller særskild klagenemnd oppnemnt av fylkestinget. For vedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring er Fylkesmannen klageinstans. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no