Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Ordensreglement i grunnskolen

Beskrivelse

Kommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for grunnskolen. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet.

Sanksjonar som ikkje framgår av ordensreglementet kan ikkje brukast. Fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må uansett ikkje brukast.

Oppdatert

20.08.2010 12:16

Kriterier

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller anna form for refsing, skal eleven ha ein sjanse til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtar bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før bortvising blir vedtatt.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen og deira føresette.

Klage

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er mottatt. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no