Psykiske helsetenester

Beskrivelse

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og dei pårørande, samtalegrupper og anna.

Oppdatert

21.12.2011 13:47

Kriterier

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Behandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på måten tenesta blir utført på. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkommande ha fullmakt.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no