Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

Beskrivelse

Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gir grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.

Oppdatert

26.10.2010 13:40

Kriterier

  • Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering
  • Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge
  • Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging 
  • For nokre planar vil det vere krav om konsekvensanalyse. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt

Utbygginga må vere sett i gang seinast fem år etter at planen er vedtatt. Denne fristen kan etter søknad bli forlenga med to år om gongen.

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter

Pris

Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag.

Behandlingstid

Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.

Klage

Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

Veiledning

Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lese på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen overtar saka når planforslaget er vedtatt sendt på høyring.

Referanser

Sist endret 07.11.2013