Reklameskilt langs veg

Beskrivelse

Du må søkje om å få setje opp reklameskilt langs kommunal veg av omsyn til trafikktryggleiken. Det kan vere informasjon om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt arrangement. Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb. Uansett avstand frå vegen må du søkje dersom skiltet er retta mot trafikken eller er synleg for vegfarande. Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom du set opp skilt utan løyve, og kommunen må fjerne det, må du betale det det kostnar. Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlate å gjere det dersom det hastar med å fjerne skiltet.

Oppdatert

02.05.2010 11:58

Kriterier

Du treng ikkje søkje dersom du skal setje opp

  • namneskilt eller reklame for eiga verksemd og som er plassert på sjølve bygninga der verksemda blir driven, føresett at det ikkje påverkar trafikktryggleiken
  • skilt i kryss med privat veg, slik som Køyr langsamt, born leikar

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Veiledning

Kommunen kan gje deg meir informasjon om kva det kan gjevast løyve for, kva som ikke er tillate, og kva du kan gjere utan å søkje om løyve.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no