Rusmiddelmisbrukarar - tiltak

Beskrivelse

Misbruker du alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket. Vi gjev òg råd og hjelp til familien. Du har elles krav på dei same tenestene etter helse- og omsorgstenestelova som alle andre.

Oppdatert

09.12.2011 10:56

Kriterier

Dersom du ikkje er motivert for eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri på det aktuelle tidspunktet, skal kommunen kunne tilby deg andre støttetiltak.

Målgruppe

Rusmiddelmisbrukarar og familiane deira

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Eventuell fullmakt

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan òg hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no