Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Rådgiving i skulen

Beskrivelse

På den skolen du går, skal det vere eit tilbod om rådgiving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgiving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dem. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgivingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgivinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.

Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar. 

Oppdatert

24.03.2010 12:39

Kriterier

Rådgivinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Pris

Tenesta er gratis.

Veiledning

Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgiving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgiving, kan du vende deg til Fylkesmannen som fører tilsyn etter opplæringslova.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no