Salsløyve for alkohol

Beskrivelse
 

Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gitt for maksimum fire år om gongen.
 

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og stedfortredar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda vert overdrege til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheita er underetta om det. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

 

Kriteriar
 

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar og ein stedfortredar. Begge må ha teke kunnskapsprøven om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.
 

Handsaming av søknaden
 

Når søknaden er motteken i kommunen, vert det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet vert handsama av Odda formannskap og gjeve etter skjønn. 
 

Behandlingstid
 

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag to månader.
 

Klage
 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
 

Vedlegg

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova for styrar og stedfortredar.
  • Driftskonsept.
  • Firmaattest.
  • Skatteattest frå sentrale personar i verksemda.
     

Veiledning
 

Du må søkje elektronsik. Søknadsskjema finn du her. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
 

Referanser

Sist endret 13.12.2017
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no