Separasjon og skilsmisse

Beskrivelse

Ektefellar eller registrerte partnarar som ikkje lenger vil leve saman, kan søkje om separasjon og skilsmisse. Korkje separasjon eller skilsmisse krev at partane er samde om det. Det er tilstrekkeleg at den eine ikkje lenger ønskjer at samlivet skal fortsetje.

Oppdatert

02.12.2011 12:12

Kriterier

For å bli separert er det einaste vilkåret at den eine eller begge partane ikkje lenger ønskjer å leve saman. Skilsmisse kan gjevast på to forskjellige grunnlag:

  • Når paret har vore formelt separert i minst eitt år. Partane må sjølve søkje om skilsmisse.
  • Når paret har levd fråskilt i to år utan formelt sett å ha vore separert ved bevilling eller dom. Dette avheng av at partane er einige og at begge underteknar søknaden eller seier at dei er einige i vilkåret. 

Ektefellar med felles barn under 16 år skal møte til mekling før saka blir bringa inn for retten eller fylkesmannen. Føremålet med meklinga er å komme fram til ein avtale om foreldreansvaret, samvereretten eller om kor barnet/borna skal bu fast.

Målgruppe

Par som lever i ekteskap eller registrert partnarskap

Behandling

Når Fylkesmannen har teke imot søknaden, kan partane innkallast til eit personleg møte dersom Fylkesmannen meiner det er hensiktsmessig. Fylkesmannen skal i alle saker der det er mogleg, innhente stadfesting på at paret har levd fråskilt i separasjonstida og ikkje gjenoppteke samlivet. Dersom vilkåret for skilsmisse er oppfylt, kan Fylkesmannen gje skilsmisseløyve.

Behandlingstid

Saka skal behandlast så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar å gjere vedtaket.

Klage

Kvar av partane kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket vert motteken. Klaga sender du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Før klaga blir sendt dit, skal  Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre det. 

Partane kan på førehand seie frå seg retten til å klage på vedtaket.

Mottaker

Fylkesmannen

Vedlegg

Vigslingsattest og gyldig meklingsattest. Det er berre i dei tilfella der paret har felles barn under 16 år at meklingsattest må leggjast ved.

Veiledning

Du søkjer om separasjon og skilsmisse ved å ta i bruk eit skjema som Barne- og likestillingsdepartementet har utarbeidd. Fylkesmannen vil kunne gi deg fleire opplysningar om framgangsmåten.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 53 65 40 51
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no